Innhold
Bøker og artikler
Bokprosjekter
Fotosamlinger
Slekt og gard
Arkiver
Lokalaviser
Kulturminner
Oppdals revyvisehistorie i bokform!
Revyar og revyviser, ofte med eit skråblikk på aktuelle hendingar, var populære innslag i Oppdals underhaldningsliv i mellomkrigstida. I seinare år har tradisjonen blitt ført vidare blant anna i den populære "Haukråkrevyen". Hausten 2007 tok Oppdal historielag initiativ til å få laga ei bok om Oppdals revyhistorie, der eit utval av dei beste visene blir presentert. Ingeborg Donali og Tore Viken sa seg villige til å gjere arbeidet. Etter kvart skulle det vise seg at materialet var så omfattande at det måtte bli to visebøker. Den første kom i november 2008 og ber tittelen "En Jerusalems forstyrrelse". Boka inneheld 116 viser, og 46 av dei er sunge inn på to cd-ar som følgjer boka. Bok nummer to, "Luftslott oppå luftslott" var ferdig i november 2010. Her er ca. 130 viser, og 31 av dei kan ein høre på cd-en som følgjer med.
Du får kjøpt begge bøkene i Norli bokhandel i Domus Oppdal.